Ramsløk

Nøring gir høve til å smaka på vikingane sin kvitløk. Ramsløk frå Nøring er laga av vill og frisk ramsløk frå Hardanger. Den blir plukka i stupbratte fjellsider med utsikt over fjord og fjell, og er på sitt beste i april. Ramsløken blir handsama med varsemd slik at aroma og innhaldsstoff ikkje blir øydelagde. Den er blanda med økologisk solsikkeolje og havsalt. Slik kan ein på tross av kort haustetid nyta frisk Ramsløk heile året.

Ramsløk har dei beste av kvitløken sine eigenskapar. I folkehelsa er Ramsløk kjent som blodrensande, kolestreolsenkande og som ein sterk antioksidant. Den sveitsiske naturlegen Künzle roste ramsløken: ”Den renser hele kroppen, driver syke opphopede stoffer ut, gir sundt blod, fordriver og dreper giftige stoffer. Mennesker med utslett og revmatisme burde høyakte ramsløk som gull. Ingen annen urt på jorden er så virksom til å reinse mage, tarmer og blod.”