Oppskrifter:

Påskeplommer

1 glas hermetiske opal plommer frå Nøring
1 stjerneanis
½ vaniljestong
Vanilje kesam

Kok opp plommelaken med krydder. Del plommene i to. Hell den varme laken over plommene, og avkjøl blandinga.
Hell så av laken att og kok den inn til halvparten.
Hell laken over plommene og server med vanilje-kesam.

Ramsløkgratinert squash

Squash
Ramsløk
Smør (eller ei god olje)

Smør ei eldfast form. Vask squashen og strimle den med ostehøvel oppi forma.
Ha oppi godt med ramsløk og smør.
Sett i komfyr på 150 C. Steik i ca 15 min. –ikkje altfor mjuk. Vend den litt.
Smak til med grovt salt og nykverna pepar.
Godt attåt f. eks. steikt, kvitt kjøt.

Juledessert

Server Nøring sine Dessertplommer med ein smakfull krydderkrem:
1/3 l krem piskast med
2 ts vaniljesukker
½ ts kardemomme
1 ts kanel

Plommepai

60g smør
2,5 dl mjøl
1 dl melis
100g kesam

Lag deig på vanleg måte og forsteik ved 200 grader i ca 10 min.

Fyll:
1 liter hermetiske plommer
2 egg
2dl matfløyte
2 ts vaniljesukker

Del plommene i to og fjern steinen. Legg plommene tett i tett i botn av paiforma. Visp saman resten av ingrediensane og hell over.
Steik paien ferdig ved 180 C i ca 45 min. Server lunken, med vaniljeis.

 

Ramsløk:

Sigrun sine fylte Ramsløkhorn:

DEIG:
1 l mjølk,
100g gjær
0,5 dl sukker
250g smelta smør
1 ts salt
ca 2 kg kveitemjøl

KRYDDERSMØR:
100g smør og 2 sp Ramsløk frå Nøring

Fyll horna med kryddersmør, skinke og riven ost.
Steik ved 200 °C i 10-15 min.

-------------

Dressing/saus:
Bland Ramsløk og litt peppar med olivenolje. Litt Ramsløk i rømme eller kesam gjev ein velsmakande saus eller dip.

Supper:
Ramsløken er nydeleg til både krema grønnsakssupper og buljongsupper. Smak til med Ramsløk etter at suppa er ferdigkokt.

Kjøt:
Ramsløk passar svært godt til lammekjøt.

Fisk og sjømat:
Ramsløk i kesam er nydeleg til reker. Smelta smør eller saus smakast til med Ramsløk.

Kryddersmør:
Bland om lag 2 ts Ramsløk med 100g smør. Godt til grillmat, flatbrød og bakt potet.