Nøring ANS N-5610 Øystese Tlf.: +47 56 55 47 00 e-post: post<a>noring-ans.no
Nøring

For oss betyr Nøring gjestebodsmat (småmat / mellommåltid), gjerne servert i ei korg; Nøringakorg

Nøring er basert på lokale tradisjonar og handverk. Me brukar frukt, bær og Ramsløk av beste kvalitet, naturlegvis frå Hardanger. Smaksmessig ligg frukta frå Hardanger i verdsklasse. Nøring sine råvarer – frukt frå lokalområdet (Hardangerplommer og Hardangermoreller) er sogar vorte inntekne under den strenge merkeordninga «Beskyttet geografisk betegnelse» på line med Cognac i Frankrike.

I 2006 fekk Nøring Bygdeutviklingsprisen i Hordaland. Dette er ein næringsutviklingspris Innovasjon Norge deler ut kvart år til kunder som har etablert ei vellukka bedrift med basis i ressurser frå bygda og landbruket.

Bedrifta frå Hardanger vert driven av Marit Buttingsrud, Helga Byrkjeland og Sigrun Løkken.

Til høgre: Dronning Sonja får smake Nøring sin Ramsløk.