Nøring ANS N-5610 Øystese Tlf.: +47 56 55 47 00 e-post: klikk her!


Hardangerkling

I Hardanger har me ein rik tradisjon med lefser. Staslefsa er ei smurd lefse, såkalla Hardangerkling. Tradisjonelt var den eit fast innslag i bryllaup, barnedåp, jul og andre høgtider. Lefsa til Nøring vert steikt på takke, bløytt i klede og til slutt smurd med smør, melis, prim og rømme. Unn deg denne godbiten! Nydeleg til kaffien;
”Når du ser naboen kome nede i vegen, så set du på kaffien og tek lefsa opp frå frysen. Då er begge deler klare til gjesten kjem”.

I 2009 vart Hardangerkling frå Nøring kåra til Årets produkt i Hordaland.