Dessertplommer frå Hardanger

Plommer finst i over to tusen variantar og kjem i eit fargespekter som er heilt unikt. Fargen på skalet varierer frå gul til raud og djup mørk blå. Fruktkjøtet er saftig og gult. Smaken er søt og mild. - Naturen sitt eige sukkertøy -

Nøring brukar plommer frå Hardanger.

Plommedyrking i Hardanger har lange tradisjonar. Ein tradisjon som kan førast tilbake til 11-1200- talet. Dyrkinga av plommer har sidan innføringa vore ein del av produksjonen på gardane i området. Dette er bakgrunn som sikrar at plommene Nøring brukar er av god kvalitet.

Nøring brukar plommer med ulik farge og storleik. Dei mest brukte er Early Rivers (Blåplommer), Opal og Mallard. Dei ulike sortane gir ulik smaksoppleving, men kan gjerne blandast.
Tradisjonell plommedessert: Server Dessertplommene med vispa krem og litt mandelstrø. Ein litt magrare variant får du ved å byte ut krem med vaniljekesam.