Dessertmoreller og kirsebær:

Deilige kjøtmoreller frå Hardanger vert lagde på glas. Desse er veleigna både som dessert og til kakepynt.
Moreller har blitt dyrka i Hardanger sidan slutten av 1700-talet. Klima og jordsmonn i Hardanger er godt eigna for dyrking av moreller. Det kjølege klimaet gir moreller med frisk og syrleg smak. Dette gjer at moreller på glas, utanom morellsesongen, er eit godt alternativ til friske.

Kirsebær er i utgangspunktet svært sure. Dette gjer at sylta kirsebær blir litt syrlege og svært smakfulle.
Sylta kirsebær er nydeleg saman med mørk sjokoladekake:

Fransk sjokoladekake
m/krem og kirsebær
200g kokesjokolade
200g smør
4 egg
2 dl sukker
2,5 dl kveitemjøl
1 ts bakepulver

Smelt sjokolade og smør over svak varme.
Pisk egg og sukker porøst. Bland sjokoladen i
eggedosisen og bland forsiktig i mjølet. Steik
kaka i 12-15 min, ved 225 C.
Server med piska krem og KIRSEBÆR.